Hopp til innhold
Du er her: Forsiden Spørsmål og svar
Sist oppdatert

Fem siste

Ordninga har ein annonsert søknadsfrist og innkomne søknader vil bli vurdert opp mot kvarandre slik dei føreligg når søknadsfristen går ut. Det er ikkje høve korkje for søkjar eller forvaltar av ordninga (PT) til å gjere tilpassingar i søknadene etter at fristen har gått ut.

Søknader vil bli evaluerte slik dei framstår med den informasjonen som søkjar har registrert i det elektroniske søknadsskjemaet og det tilhøyrande vedlegget.

Evalueringskriteriar og innbyrdes vekting av ordninga kjem fram av tabellen under:

Nr

Evalueringskriterium

Vurderingselement

Vekting

1

Talet på husstandar som får eit tilbod om breiband med grunnleggjande god kvalitet

-     Talet på nye aksessar og relativ auke av dekning

25 %

2

Kostnadseffektiv nettutbygging i kvart einskild prosjekt

-     Best mogleg utnytting av tilgjengelege middel

-     Investeringskostnad per aksess

-     Tilgang til eksisterande infrastruktur som grøfter, stolpar, punkt, etc

20 %

3

Lokal medfinansiering

-     Lokal medfinansiering, sett iht. talet på aktuelle brukarar/kundar

-     Grad av eigeninnsats

10 %

4

Plan for bærekraftig drift etter at utbygginga er gjennomført

-       Kor sannsynleg det er at breibandstilbodet kan oppretthaldast og vidareutviklast

15 %

5

Betring av eksisterande breibandstilbod

-       Talet på aksessar som får auka kapasitet og kor stor kapasitetsauken er

15 %

6

Kor viktig utbygginga er for lokal samfunnsutvikling, verdiskaping og attraktivitet for innbyggjarar, næringsliv og besøkande

-       Samfunnsvinsten som blir utløyst av breibandsbygginga

-       Konkrete døme på kva dette har å seie for lokalt næringsliv etc.

-       Betring i mobildekninga

15 %

Sist endret

Ordninga godkjenner at eigeninnsats frå prosjektdeltakarane i form av persontimar og indirekte kostnader blir ført som eigeninnsats. På førespurnad må søkjar kunne leggje fram detaljerte timelister som viser korleis ein har rekna kostnadene for eigeninnsats.

Sist endret

Etableringa av eit nytt eller betra breibandstilbod vil typisk omfatte tre fasar; planleggingsfase, utbyggingsfase og driftsfase. Det blir berre gjeve stønad til kostnader knytta til utbyggingsfasen. Ordninga aksepterer heller ikkje at stønaden går til dekking av kostnader som er oppsamla før vedtaksdato for tildeling av middel.

Søknadsprosessen

Sist endret

Ordninga har ei øvre grense for den samla offentlege stønaden til enkeltprosjekt på 80 millionar kroner. 

Sist endret

Søkjar kan be om lokale dekningskart for dei områda som søknaden gjeld. Karta blir produserte av konsulentfirmaet Nexia på oppdrag frå PT.

Karta viser breibandsdekning i kvadrat på 100 x 100 meter, og det blir laga to kart for kvart område:

  • Eitt som viser dekning for 4 Mbit/s nedstraums kapasitet («grunnleggjande breiband»)
  • Eitt som viser dekning for 30 Mbit/s nedstraums kapasitet («NGA breiband»)

Dekningsdata er basert på Dekningsundersøkelsen som vart gjort av FAD/Nexia i 2013, sjå: http://www.regjeringen.no/nb/dep/sd/dok/rapporter_planer/rapporter/2013/bredbandsdekning-2013.html?id=735443

Ein kan sende førespurnad om dekningskart til PT, e-post: firmapost@npt.no. Merk e-posten med «Dekningskart for breiband». Ein baserer kartdata på eit verktøy som heiter «Open Street Map» og tinginga skal innehalde namn på kommune eller WGS 84-koordinatar.

Sist endret