Stråling frå basestasjonar og andre radiosendarar – ei samanlikning av berekna feltstyrke og anbefalte normer for eksponering av menneske

Samandrag

På bakgrunn av den pågåande debatten om mogleg samanheng mellom elektromagnetisk stråling og skadelege helseeffektar hos menneske har PT utført berekningar som samanliknar stråling frå ei rekkje vanlege basestasjonar og andre radiosendarar med internasjonale normer for eksponering (fjernfeltsomsyn). Mobiltelefonar blir omtala i eit eige skriv.

Formålet med berekningane er å kunne angi storleiken på området omkring ein basestasjon/radiosendar der anbefalte grenseverdiar for eksponering eventuelt overskridast. I tillegg til basestasjonar i mobilnetta (avsnitt 7.2), blir det gitt resultat for radioliner (7.3), basestasjonar i radioaksess og WLAN (7.3), satellitt jordstasjonar (7.3), radarar (7.4) og kringkastingssendarar (7.5).

Resultatdelen (kap. 6 og 7) er bygd opp slik at ein kan hente ut talresultat og vurderingar for kvart enkelt radiosystem. For å få forståing av kvar resultata er gyldige, og for konklusjonane som trekkjast, er det likevel viktig å sjå heile dokumentet under eitt.

I tillegg til berekningsresultat blir det gitt informasjon om internasjonale grenseverdiar for eksponering og risikoomsyn.

1. Bakgrunnen for berekningane

Bakgrunnen for berekningane er den pågåande debatten om moglege samanhengar mellom stråling og helseskadar hos menneske. Det er dokumentert at stråling ved tilstrekkeleg høge nivå kan gi skadelege helseeffektar. Det er derfor utarbeidd internasjonale retningsliner (normer) som fastset grenseverdiar for anbefalt eksponering. Då det er PT som gir tillatingar til radioverksemd i Noreg, er PT opptatt av at radioverksemda skjer i samsvar med dei anbefalte normene.

PT har berekna elektrisk feltstyrke (stråling) frå basestasjonar og sendarar i ulike radiosystem. Resultata blir samanlikna med anbefalte normer for eksponering av menneske. Metoden og resultata er gyldige i strålingsfeltet (fjernfeltet) frå antenna og kan derfor ikkje nyttast for mobiltelefonar (sjå eigen informasjon for mobiltelefonar ). Formålet er å kunne seie noko om storleiken på området omkring ein basestasjon/radiosendar der grenseverdiane for eksponering eventuelt overskridast

2 Internasjonale retningsliner for eksponering

Den internasjonale organisasjonen ICNIRP har fastsett grenseverdiar for elektromagnetisk stråling. Statens strålevern har avgjort at desse grenseverdiane også skal gjelde i Noreg. ICNIRPs normer er utvikla for å verne vanleg befolkning og yrkeseksponerte mot kjende, akutte effektar som kan oppstå ved tilstrekkeleg grad av eksponering. Grenseverdiane for yrkeseksponerte er sett høgare enn for den vanlege befolkninga. Dette er fordi ein reknar med at dei som er eksponert gjennom yrket sitt er klar over dette og har nødvendig kompetanse til eventuelt å avgrense strålinga. Grenseverdiane inkluderer vesentlege tryggingsmarginar.

Ut i frå forskingsmaterialet som føreligg i dag, er det ikkje vitskapeleg dokumentert at eksponering ved lågare dosar enn gjeldande grenseverdiar kan gi skadelege helseeffektar. Verdas helseorganisasjon (WHO) erkjenner likevel at forskingsmaterialet kan vere mangelfullt, mellom anna innan området mobiltelefoni.

Eventuelle effektar frå strålinga vil avhenge av frekvensområdet. I det radiofrekvente området mellom 1 MHz -10 GHz trengjer det elektromagnetiske feltet inn i kroppen og det blir produsert varme på grunn av energiabsorpsjon. Om ikkje reguleringsmekanismane til kroppen kan handtere overskotsvarmen, kan det resultere i oppvarming av kroppsvevet. Eit mål på kor mykje energi som blir absorbert i kroppen er den spesifikke absorpsjonsraten, SAR (blir angitt i Watt per kilo). I ICNIRPs normer har ein sett krav til SAR-verdiane basert på registrerte effektar som kan oppstå når SAR-verdiane overskridast. SAR-verdiane i kroppen er vanskelege å måle, og det er derfor avleidd verdiar for mellom anna elektrisk feltstyrke i feltet frå sendaren/basestasjonen. Elektrisk feltstyrke i strålingsfeltet utanfor kroppen, let seg både berekne og måle.

Vidare i berekningane blir det brukt feltstyrkeverdiar henta frå ICNIRPs retningsliner.

3 Risiko

I prinsippet kan alle eksponeringssituasjonar der grenseverdiane overskridast vere forbunde med risiko for skadeleg helseeffektar. Det er dermed ikkje sagt at helseeffektane må førekome. Faren for at dette skal skje vil avhenge av faktorar som kor ofte ein blir eksponert, kva risiko som blir forbunde med den bestemte eksponeringssituasjonen, osb. Sjølve risikoen er vanskeleg å kalkulere, men litt enkelt kan ein seie at jo oftare ein blir utsett for ein viss risiko (sjølvvalt eller ufrivillig), jo større er sjansen for at skadelege effektar kan førekome. Einaste måten å unngå risikoen på er dermed å unngå eksponering.

For å illustrere dette kan ein trekkje parallellar til bilkøyring. Sjansen for å råke utfor ei ulukke blir rekna for å auke jo oftare ein vel å råkøyre. Men det er likevel ikkje sikkert at det skjer noka ulukke. Ein kan vere heldig og ha flaks lenge, eller alltid. Motsett kan ein som stort sett er forsiktig i trafikken og tek førehandsreglar, vere uheldig og bli utsett for ei ulukke fordi det er risiko forbunde med det å køyre bil. Einaste måten å unngå risikoen på, er å la vere å køyre bil.

Slik er det også med stråling. Heilt sikker på å unngå skadelege helseeffektar som følgje av eksponering er ein berre om ein unngår å vere eksponert. Ofte er ikkje dette praktisk mogleg om ein vil fungere i eit moderne samfunn. Det blir derfor viktig at normene for eksponering blir freista overhalde i område der befolkninga normalt oppheld seg. I område der dette ikkje er mogleg, bør befolkninga få vite at dei utset seg for ein risiko ved å opphalde seg der.

Ofte er ein villig til å utsetje seg for ein viss risiko dersom den er sjølvvalt. Dette kan t.d. vere tilfelle ved bruk av mobiltelefon. Det er i dag ikkje vitskapeleg dokumentert at bruk av mobiltelefon vil gi skadelege helseeffektar, men forskingsmaterialet er heller ikkje tilstrekkeleg til at ein sikkert kan utelukke dette. Likevel vel svært mange å utsetje seg for den eventuelle risikoen kvar dag trass i at ein ikkje veit. Dette kan skuldast at brukaren ikkje er kjend med eventuell risiko, eller at fordelane ved bruk av mobiltelefon veg tyngre enn frykt for potensielle helseskadar.

Annleis er det med basestasjonar og radiosendarar der den vanlege befolkninga i liten grad er med og avgjer kvar antennene skal plasserast. Det blir dermed snakk om passiv eksponering der det er andre som avgjer kva grad av risiko ein eventuelt skal utsetjast for. Vanlegvis er ein ikkje villige til å akseptere like høg risiko når andre vel for ein, som når ein vel sjølv. At ein har nytte av radio, TV og mobiltelefoni kan nok dei fleste einast om. Men når antennene like gjerne kunne stått nær naboen eller eit stykke unna busetnaden, stiller folk seg spørsmål om kvifor nettopp dei skal utsetjast for ein eventuell risiko.

PT har respekt for den utryggleiken som oppstår i befolkninga når det gjeld stråling og eventuelle helseeffektar. PT meiner det er viktig å sørgje for at stråling frå radiosystem er i samsvar med internasjonale anbefalingar. Utover dette reknar PT med at nøytral informasjon om emnet vil kunne vere med på å redusere graden av utryggleik i befolkninga. Like eins vil allmenne råd om korleis befolkninga sjølv kan redusere eksponeringa frå t.d. mobiltelefonar vere nyttige for dei som ønskjer å vere føre var.

4 Metode

Metoden som blir nytta ved berekning av elektrisk feltstyrke vil gjelde i strålingsfeltet frå antenna (fjernfeltet). Det vil seie ved avstandar større enn 10-15 bølgjelengder ( l ). For GSM 900 (900 MHz) utgjer denne avstanden 3-5 m, for ein FM-radiosendar (100 MHz); 30-45 m og for radioaksess (26 GHz); < 0,2 m.

Nærare antenna, i nærfeltet, er ikkje metoden brukeleg. Ved nærfelteksponering, som t.d. er tilfelle ved bruk av mobiltelefon, må ein ty til meir avanserte metodar som datasimulering og målingar på modellar av menneske (fantommålingar) for å kunne seie noko om eksponeringa. For meir informasjon om nærfeltseksponering, sjå eigen informasjon for mobiltelefonar.

Strålingsfeltet er karakterisert ved at det er eit fast forhold mellom elektrisk (E) og magnetisk feltstyrke (H):

E/H = 377 Ohm (karakteristisk impedans i vakuum)

Om ein kjenner éin av storleikane, kan den andre lett bereknast.

Ved berekning av feltstyrke for mobile system, punkt til punkt system (P-P) og punkt til multipunkt system (P-MP), blir det tatt utgangspunkt i parametrar som er typiske for dei ulike basestasjonane/sendarane. For radarar, der det er vanskeleg å gi generelle tal, blir det brukt verdiar som førekjem ved enkeltanlegg. For kringkastingssendarane er det tatt utgangspunkt i maksimums- og minimumsverdiar. Det blir opplyst i tabellen i kapittel 6 (Resultat) kva verdiar som ligg til grunn for berekningane.

Avstanden frå kvar basestasjon/sendar der feltstyrken har falle til eit nivå lågare enn det som maksimalt blir anbefalt, blir berekna. Det blir berre tatt omsyn til frittromsspreiing av radiosignala. I røynda vil også andre taps- og propagasjonsmessige forhold kunne påverke signalnivået. I dei fleste tilfelle vil dette vere med på å redusere feltstyrken ytterlegare. Metoden representerer derfor eit verst tenkjeleg tilfelle ("worst case"). I eit reelt tilfelle bør metoden likevel ikkje nyttast utan at resultata blir samanlikna med måleresultat.

Formel for berekning av elektrisk feltstyrke (E) i V/m:

formel1.gif

P EIRP er totalt utstrålt effekt i W, inkludert antenneforsterking, relativt ei isotrop 2 antenne, r er avstand i meter.

Elektrisk feltstyrke i avstand r frå basestasjonen/sendaren, E (r), skal vere mindre enn, eller lik, den anbefalte grenseverdien, E grenseverdi:

formel2.gif

Denne likninga, løyst med omsyn på avstand r, angir avstanden frå basestasjonen/sendaren der den elektriske feltstyrken er lågare enn grenseverdien.

5 Radiosystem

Det vil bli utført berekningar for basestasjonar og sendarar i følgjande radiosystem:

  • TETRA
  • GSM
  • UMTS
  • Radioliner
  • Satellittjordstasjonar
  • Radioaksess
  • WLAN
  • Radarar
  • Kringkasting

6 Resultat

Tabellen nedanfor viser parametrar for dei ulike radiosystema, gjeldande grenseverdi for generell befolkning i det aktuelle frekvensområdet og den berekna avstanden der feltstyrken har falle til eit nivå innanfor det anbefalte. Resultata bør sjåast i samanheng med vurderingane som blir gitt i kapittel 7.

Radiosystem

Frekvens (MHz)

Totalt utstrålt effekt (W), relativ isotrop antenne (EIRP)

Grenseverdi for elektrisk feltstyrke* (V/m) *ICNIRP, generell befolkning

Avstand frå basestasjon/sendar der feltstyrken har falle til eit nivå innanfor det som blir anbefalt (m).

Mobile systemer:

TETRA

(typiske verdiar)

400

100

(50 dBm)

28

   2

GSM 900

(typiske verdiar)

900

100

(50 dBm)

41

< 2

GSM 1800

(typiske verdiar)

1800

˜ 316

(55 dBm)

58

< 2

UMTS

(typiske verdiar)

2000

˜ 316

(55 dBm)

61

< 2

Punkt til punkt (P-P) og punkt til multipunkt system (P-MP):

Radioliner

(typiske verdiar)

1500

100

(50 dBm)

53

1

Radioliner

(typiske verdiar)

>3000

10000

(70 dBm)

61

9

Satellitt-jordstasjonar

(typiske verdiar)

14000

100 k

(50 dBW)

61

29

Satellitt-jordstasjonar

(typiske verdiar)

14000

10 M

(70 dBW)

61

285

Radioaksess

(typiske verdiar)

3500

32

(45 dBm)

61

< 1

Radioaksess

(typiske verdiar)

26000

32

(45 dBm)

61

 

WLAN

2400-2483,5

0,1

61

<

WLAN

5150-5350

0,2

61

<

WLAN

5470-5725

1

61

<

Radar:

Radar

(verdiane gjeld enkeltanlegg)

5

192 k

39

62

Radar

(verdiane gjeld enkeltanlegg)

500

1M

31

177

Radar

(verdiane gjeld enkeltanlegg)

3050

30k

61

16

Kringkasting:

Mellombølgje

1,314

609 k

(2047 k e.m.r.p)

76

56

TV-VHF (band III), hovudsendar

(maksimalverdiar)

200

100 k

28

62

TV-UHF (band IV),

hovudsendar

(maksimalverdiar)

550

300k

32

94

TV-UHF (band V),

hovudsendar

(maksimalverdiar)

655

270k

35

82

FM-radio, hovudsendar

(minimal- og maksimalverdiar)

100

50k

120k

28

28

44

68

Lokalradio

(minimal- og maksimalverdiar

100

20

500

28

28

 

4

Ved berekning brukast effekt angitt i W. Totalt utstrålt effekt i dBm eller dBW blir gitt i parentes for system der det er vanleg å angi effekt på denne måten.

7 Vurdering av resultata

7.1  Generelt

Resultata angir storleiken på området omkring basestasjonane/radiosendarane der anbefalte normer for eksponering overskridast. Resultata er basert på oppgitte parametrar, og er runda av til næraste heile meter. Metoden tek utgangspunkt i at det er fritt rom omkring sendaren og grenseverdiane gjeld vanleg befolkning (ikkje yrkeseksponerte).

I nokre tilfelle viser berekningane at feltstyrken har falle til eit nivå innanfor det anbefalte allereie ved avstandar i nærfeltet (t.d. mobile system og WLAN). Metoden gjeld i utgangspunktet ikkje i nærfeltet. Berekningane viser då at feltstyrken vil vere lågare enn grenseverdien alle stader i strålingsfeltet.

Effekten vil vere avgjerande for kva avstand ein kjem fram til. I dei tilfella der det er tatt utgangspunkt i maksimalt utstrålt effekt, vil ein kome fram til den største (og mest restriktive) avstanden. Berekningar basert på typiske verdiar vil gi mindre avstandar.

For at metoden skal kunne nyttast for ein reell basestasjon/sendar, må ein kjenne til dei tekniske parametrane knytt til den aktuelle sendaren/basestasjonen. Omgjevnadene til sendaren/basestasjonen vil også påverke utbreiinga av radiobølgjene, og dermed feltstyrkenivået i ein gitt avstand. I praksis vil ein derfor erfare at området omkring basestasjonen/sendaren der anbefalt feltstyrke overskridast ikkje er reint sirkulært, sjølv om antenna strålar likt i alle retningar. Mange antenner er også direktive, dvs. at dei i hovudsak strålar i éi retning, eller innanfor ein sektor. Resultata ein då kjem fram til vil gjelde i den bestemte retninga/innanfor sektoren. Det er alltid ein god praksis å samanlikne resultat frå berekningar med praktiske målingar.

Generelt gjeld det at den elektriske feltstyrken fell med avstand frå sendaren. Ei antenne som er plassert høgt i ei mast vil derfor gi lågare feltstyrke på bakken enn om den same antenna blei montert lågare i masta. Like eins vil feltstyrken bli redusert når ein flyttar seg bort frå antenna.

Rekkjevidda til radiobølgjene blir mindre når frekvensen aukar (føresett at utstrålt effekt blir halde konstant). Rekkjevidda aukar om effekten blir skrudd opp, og frekvensen er den same. Både frekvensområdet og totalt utstrålt effekt blir dermed avgjerande for storleiken på området omkring sendaren der grenseverdiane overskridast.

7.2 Mobile system (GSM, UMTS, TETRA)

Ettersom mobiloperatørane byggjer ut og betrar dekninga i sine nett, dukkar det opp stadig fleire basestasjonar i folk sine omgjevnader. Utbygginga av det nye mobilsystemet UMTS medfører også nyetablering av ei lang rekkje basestasjonar. Ulikt frå mange andre typar radiosendarar plasserast basestasjonane i mobilnetta gjerne i nærleiken av, eller i busetnaden. Antennene blir derfor spesielt synlege, og befolkninga er ofte klar over at den bur i nærleiken av ein eller fleire basestasjonar. Det blir også stadig skrive i media om stråling frå basestasjonar og eventuell helsefare. Ut i frå dette er det forståeleg om det oppstår bekymring blant befolkninga.

Berekningane viser i alle høve at den elektriske feltstyrken frå basestasjonane har falle til eit nivå innanfor det anbefalte allereie etter nokre få meter. Området omkring basestasjonane der anbefalte normer for eksponering overskridast vil derfor vere svært avgrensa.

Det er tatt utgangspunkt i typiske verdiar for basestasjonane, men for enkelte basestasjonar kan utstrålt effekt vere høgare. Om ein tek høgde for at utgangseffekten (EIRP) kan vere 5 dB (3 gonger) høgare enn tala som er brukt, vil den berekna avstanden likevel vere mindre enn 5 m.

Resultata samsvarar med tal som Statens strålevern oppgir for mobile basestasjonar (GSM) 3 .

I tillegg nyttast gjerne retningsantenner (strålinga skjer i hovudsak i ei retning). Dempinga av signalet i antenna si bakoverretning er vesentleg i forhold til antenna si hovudstråleretning.

I praksis må ein opphalde seg rett framfor antenna for å vere utsett for høgare feltstyrke enn det normene tilseier.

Når ein tek omsyn til at dei fleste antenner monterast i master, på hustak eller fasadar, vil ein person normalt ikkje opphalde seg rett framfor antenna. Unntaka kan vere om huset har takterrasse, eller om ein har balkong tvers over for gata for ei fasademontert antenne. I det siste tilfellet vil avstanden mellom blokkene gjerne vere meir enn 5 m. Det vil la seg gjere å merke området omkring ei takmontert antenne, slik at personar som ferdast på takterrassen blir varskua.

I mobilsamanheng er ikkje eit stort tal basestasjonar/antenner nødvendigvis forbunde med høg grad av eksponering. Eksponeringa frå basestasjonane er i dei fleste tilfella langt lågare enn kva ein blir utsett for lokalt ved bruk av sjølve mobiltelefonen 4 . Utgangseffekten til mobiltelefonen blir regulert i forhold til signalstyrken frå basestasjonen. Jo kortare avstand det er mellom telefon og basestasjon, jo lågare utgangseffekt brukar telefonen. Eksponeringa frå telefonen kan derfor bli mindre om nettet er tett utbygd og dekninga er generelt god i området. Meir om eksponering ved bruk av mobiltelefonar.  

7.3 Punkt- til punktsystem (P-P) og punkt- til multipunktsystem (P-MP)

Punkt- til punktsystem; radioliner og satellittjordstasjonar blir kjenneteikna ved at dei brukar retningsantenner (strålinga skjer i hovudsak i ei retning) med liten opningsvinkel (nokre få grader). Den elektriske feltstyrken i antenna si hovudstråleretning kan bli høg, men fell raskt til sida for denne. Sjansen for at ein oppheld seg i det området der ei retningsantenne strålar, er derfor mykje mindre enn for ei rundstrålande antenne som strålar likt i alle retningar.

Radioliner

Resultata for radioliner i 1,5 GHz viser at feltstyrken er innanfor det anbefalte allereie etter ein meter. I høgare frekvensband, over 3 GHz, skjer dette etter om lag 10 meter. Då radiolinene plasserast høgt og fritt i terrenget, og også skal ha fri sikt mellom sendar og mottakar, er det svært lite sannsynleg at nokon oppheld seg innanfor det området der grenseverdiane overskridast.

Satellittjordstasjonar

Satellittjordstasjonar skal sende og ta imot signal frå satellittar som går i baner om jorda. For at signala skal treffe satellitten må antenna vere rett posisjonert. Jordstasjonane har som regel ein elevasjonsvinkel i forhold til bakken (den peiker mot satellitten). Elektrisk feltstyrke i antenna si hovudstråleretning er høg, men fell raskt utanfor denne. Elevasjonsvinkelen, saman med det smale strålingsdiagrammet for antenna, gjer at feltstyrken langs bakken blir langt lågare. Utstrålt effekt for denne type antenner varierer over eit relativt stort område. Det er utført berekningar for to typiske nivå, 50 og 70 dBW. Resultata viser at feltstyrken først har falle til det anbefalte ved relativt store avstandar. Det er likevel verdt å merke seg at avstanden her blir rekna i antenna si hovudstråleretning, altså ikkje langs bakken der folk oppheld seg. Det kan likevel vere grunn til å vise aktsemd ved ferdsel i nærleiken av jordstasjonane. Ofte brukar mobile jordstasjonar av typen SNG, høgare effekt enn permanente jordstasjonar. SNG blir mellom anna brukt til fjernsynsoverføringar ute i felten og transporterast frå stad til stad. Sjansen blir dermed mindre for at nokon skal opphalde seg i eit område der dei er eksponert.

Radioaksess

Basestasjonar i radioaksess (punkt- til multipunktsystem) skal dekkje eit geografisk område med mange sluttbrukarar. Det blir derfor brukt fleire sektorantenner på eitt og same punkt som til saman utgjer ei rundstrålande antenne. Resultata viser at området der anbefalte strålingsnivå overskridast er svært avgrensa. Allereie i ein meters avstand frå antenna er feltstyrken innanfor det anbefalte. Det er derfor liten sjanse for at nokon vil opphalde seg i dette området. Området kan eventuelt merkast.

Sluttbrukarterminalar i radioaksess blir gjerne montert på fasadar, hustak o.l. Desse antennene er direktive, dvs. at dei strålar i ei bestemt retning; mot basestasjonen. Dempinga av signalet i antenna si bakoverretning er vesentleg. I praksis må ein opphalde seg rett framfor antenna for å vere utsett for høgare feltstyrke enn det normene tilseier.  Ut frå avstanden som blei berekna (< 1m), og dempinga i antenna si bakoverretning, vil det vere lite sannsynleg at grenseverdiane overskridast inne i sjølve huset.

WLAN (trådlause datanettverk)

WLAN er først og fremst berekna til innandørs bruk og har ein relativ låg utstrålt effekt (0,1 Watt i 2,4 GHz og 1 Watt i 5 GHz). Basestasjonane (aksesspunkta) i nettverket er plassert inne i bygningar og rom der folk oppheld seg. Avstanden mellom radiosendar og den som blir eksponert kan derfor vere liten. Berekningane viser likevel at ein må vere svært nær overflata av basestasjonane (nærare enn 10 cm*) for at den elektriske feltstyrken skal vere høgare enn den anbefalte grenseverdien. Feltstyrken fell dessutan raskt med avstanden til basestasjonen, slik at nivået normalt vil vere langt lågare enn grenseverdien i område der folk oppheld seg. Medviten plassering av basestasjonane, t.d. ved å unngå plassering av basestasjonar på soverommet, nær hovudenden av senga, vil kunne vere med på å redusere eksponeringa vesentleg.

* Resultatet ein kjem fram til ligg i nærfeltet frå sendaren. Metoden gjeld strengt tatt berre i strålingsfeltet (ved avstandar større enn 1,25-1,9 m for 2.4 GHz). Dersom den brukast vil feltstyrken vere lågare enn grenseverdien allereie etter 10 cm.

Det trådlause kortet i PCen inneheld også ein radiosendar. Mange arbeider med PCen i fanget. Eksponeringa frå denne delen av datanettverket kan tenkast å vere større enn frå basestasjonane. Ved å plassere PCen på bordet medan ein arbeidar kan eksponeringa enkelt reduserast.

7.4 Radar

Resultata for radarar gjeld enkeltanlegg som blir brukt til å studere lag i atmosfæren og til å detektere rørsler i lufta. Antennene strålar derfor i hovudsak oppover og feltstyrken langs bakken blir langt lågare. Slike radarar er gjerne lokalisert utanfor allfarveg, men på område som er opne for publikum. Brukarane er profesjonelle. PT har i eit tilfelle pålagt operatøren å gjennomføre målingar for å kartleggje eventuelle område der grenseverdiane overskridast. Basert på funna i det spesielle tilfellet kravde PT i tillatinga at slike område skulle merkast når sendaren var i bruk. Aktuelt i strålingssamanheng vil også vere marine radarar, radarar brukt til deteksjon av fly på rullebaner og for registrering av rørsler langs bakken. Dette er radarar som strålar langs bakken og som ofte er aktive medan t.d. båtføraren oppheld seg i nærleiken. Det er ikkje utført berekningar for slike anlegg her.

7.5 Kringkasting

Avstandane ein finn fram til for kringkastingssendarane (mellombølgje, hovudsendarar for radio og fjernsyn) varierer frå nokre titals meter til opp mot 130 m. Kringkastingsantennene skal nettopp "kringkaste" og strålar derfor i alle retningar. Antenna blir plassert høgt i mast (nokre titals meter er vanleg), og feltstyrken på bakken er derfor langt lågare enn i høgde med antenna. Like eins utnyttast høgder i terrenget for å betre dekninga. Sendarane er gjerne lokalisert utanfor allfarveg. Risikoen for at nokon over tid skal opphalde seg innanfor eit område der grenseverdiane overskridast blir derfor sett på som liten. Om slike sendarar skal etablerast i nærleiken av busetnad kan det likevel vere grunn til å utvise aktsemd. Det bør også vurderast å merkje område omkring eksisterande sendarar i tilfelle der feltstyrken overskridast.

Sendarar brukt til lokalradio skal i utgangspunktet dekkje avgrensa geografiske område. Utstrålt effekt er derfor lågare enn for hovudsendarane i dei riksdekkjande kringkastingsnetta. Berekningane viser at feltstyrken fell innanfor det anbefalte allereie etter nokre få meter.

8. Førebelse konklusjonar

Resultata viser at for langt dei fleste basestasjonar og radiosendarar vil område der grenseverdiane overskridast vere av avgrensa storleik. Ofte vil formålstenleg plassering av antennene åleine kunne vere tilstrekkeleg til at grenseverdiane blir overhalde i område der befolkninga normalt oppheld seg.

Basestasjonar i mobilnetta har i den seinare tid vore spesielt i fokus. Også PT registrerer den generelle bekymringa i befolkninga for denne type installasjonar. Resultata for mobile basestasjonar viser likevel at eksponeringa er godt innanfor det anbefalte i område der befolkninga normalt oppheld seg. Eksponeringa frå basestasjonane er også lita samanlikna med kva ein utsetjast for ved bruk av sjølve mobiltelefonen.

Det er utarbeidd internasjonale retningsliner (ICNIRP) for kor stor grad av eksponering befolkninga maksimalt bør utsettast for. Grenseverdiane er basert på vitskapeleg dokumenterte effektar som kan oppstå ved tilstrekkeleg grad av eksponering. Statens strålevern, som har nasjonal styresmakt og kompetanse innan området, har utarbeidd ei forskrift som gir ICNIRPs normer nasjonal forankring.

Nyttige lenkjer: 


1 ICNIRP -International Commission on Non-Ionizing Radiation Protection

2 Isotrop antenne er ei antenne som strålar like mykje i alle retningar (rundstrålande).

3 StrålevernRapport 2000:5. Elektromagnetiske felt fra basestasjoner for mobiltelefoni.

4 Opplysast av Verdas helseorganisasjon i faktaark nr. 193 om mobiltelefonar og basestasjonar.


Publisert dato: 10.08.2005   Endret dato: 06.08.2010