Telestandardisering er ein viktig føresetnad for utvikling av telenett og –tenester, og blir derfor høgt prioritert både i Europa og elles i verda. Standardisering av posttenester er eit relativt nytt område innan standardisering. Poststandardisering er i stor grad sett i gang som ei vidareføring av krav som går fram av EUs postdirektiv, og blir gitt aukande merksemd. PT har kontaktpersonar innan dei ulike fagområda som vil kunne rettleie generelt om standardiseringsarbeid eller svare på spørsmål om tema i detalj.