Eksponering ved bruk av mobiltelefon

Bakgrunn

Bruk av mobiltelefonar har nærast eksplodert sidan lanseringa av GSM i 1992. Stadig fleire skaffar seg mobiltelefon, og ein del bedrifter og privatpersonar vel vekk fasttelefonen til fordel for mobile løysingar. Også barn og unge er utstrakte brukarar. Samtaletida per brukar kan vere vesentleg.

Auka bruk av mobiltelefonar har sett fart i diskusjonen om kor vidt mobilbruk kan føre til helseskade. Årsaka til at ein diskuterer dette er at mobiltelefonen i røynda er ein radiosendar som sender ut radiobølgjer. Radiobølgjene inneheld energi som kan avsetjast i kroppen og føre til oppvarming av kroppsvevet. Eit mål på kor mykje energi som absorberast i kroppen er den spesifikke absorpsjonsraten (SAR-verdien) som blir angitt i Watt per kilo. Om oppvarminga er større enn det kroppen sine eigne reguleringsmekanismar kan handtere, kan det resultere i skadelege helseeffektar.

Retningsliner for eksponering

Det er dokumentert at radiobølgjer kan gi skadelege helseeffektar ved tilstrekkeleg grad av eksponering. Det er derfor utarbeidd internasjonale retningsliner (normer) som angir kor stor grad av eksponering menneske maksimalt bør utsetjast for. I Noreg er det Statens strålevern som er nasjonal styresmakt innan området. Strålevernet rettar seg etter retningsliner utarbeidd av International Commission on Non-Ionizing Radiation Protection (ICNIRP) i forvaltinga si. I ICNIRPs normer er det lagt inn vesentlege tryggingsmarginar, og verdiane er strengare for vanleg befolkning enn for yrkeseksponerte. Forskrift om strålevern og bruk av stråling, fastsett 21. november 2003 gir ICNIRPs normer nasjonal forankring.

Mobiltelefonen i forhold til internasjonale retningsliner

Grenseverdi for eksponering ved bruk av mobiltelefon er 2 W/kg (lokal SAR-verdi). Dei fleste mobiltelefonar har SAR-verdiar som ligg godt innanfor grenseverdien, men verdiane varierer frå telefon til telefon.

Til forskjell frå t.d. basestasjonane i mobilnettet, blir telefonen halde nært inntil kroppen (hovudet) og eksponeringa blir dermed lokal. Sjølv om utgangseffekten frå mobiltelefonen er låg (0,2-0,6 W), vil feltstyrken i nærleiken av hovudet kunne bli vesentleg høgare enn kva ein normalt blir utsett for i nærleiken av ein basestasjon (sjå www.finnsenderen.no under ”strålingskalkulator” for oversikt over stråling frå basestasjonar). Slik sett er ein meir eksponert ved bruk av mobiltelefon, men eksponeringssituasjonen skil seg vesentleg frå den ein opplever i nærleiken av ein basestasjon. Medan basestasjonane sender kontinuerleg, sender mobiltelefonane i hovudsak berre under samtale. Utgangseffekten frå telefonen justerast også i forhold til signalnivået frå basestasjonen. Nærleik til basestasjonen vil derfor gjere at telefonen kan sende med låg utgangseffekt. Den lokale eksponeringa av hovudet blir dermed mindre enn om basestasjonen var langt unna og telefonen måtte sende med høg utgangseffekt.

Skadelege helseeffektar

Det er ikkje vitskapeleg dokumentert at eksponering ved lågare nivå enn gjeldande grenseverdiar kan gi skadelege helseeffektar. Verdas helseorganisasjon (WHO) erkjenner likevel at forskingsmaterialet innan området mobiltelefoni kan vere mangelfullt. Mykje av arbeidet som ligg til grunn for grenseverdisetjinga gjeld eksponering av heile kroppen, og nivå som er høgare enn dei ein vanlegvis finn ved trådlaus kommunikasjon. Det er få studiar som tek for seg lokal eksponering av hovudet, slik det er tilfelle ved bruk av mobiltelefon. WHO har derfor sett forsking på mobiltelefon på dagsordenen. I løpet av nokre år håpar WHO å vite så mykje at ein kan seie noko om eventuell helserisiko forbunde med bruk av mobiltelefonar. Det ein undersøkjer er mellom anna ulike kreftformer og endringar i hjerneaktivitet. WHO utfører sjølv ei stor epidemiologisk undersøking som involverer om lag 14 land. Formålet er å finne eventuelle samanhengar mellom bruk av mobiltelefonar og hovud-/nakkekreft.

Per i dag er det publisert enkeltresultat av varierande kvalitet. Resultata peikar i ulik retning. Nokre av undersøkingane hevdar at bruk av mobiltelefon kan vere forbunde med skadelege helseeffektar, medan andre undersøkingar avviser ein slik samanheng. Fleire av enkeltundersøkingane er kritisert for å ha store manglar.

Nasjonal strategi

Slik PT ser det har både styresmakter, operatørar og utstyrsprodusentar ansvar for å ivareta tryggleiken til befolkninga i samband med bruk av mobiltelefon og radioverksemd generelt. Formelt er det Statens strålevern (underlagt Helse- og omsorgsdepartementet) som har nasjonal styresmakt og kompetanse innan området, men det er telestyresmaktene (Samferdselsdepartementet/PT) som gir tillatingar til radioverksemd i Noreg. PT er derfor opptatt av at bruk av mobiltelefonar (og stråling frå basestasjonar/radiosendarar) ikkje skal innebere unødvendig risiko for helsa til befolkninga.

Det er alltid ei avveging om styresmaktene skal anbefale føre-var strategiar i tilfelle der forskingsmaterialet er mangelfullt. Generelt er PT av den oppfattinga at nasjonale normer bør baserast på internasjonalt godtekne grenseverdiar. Dette er også i tråd med Verdas helseorganisasjons anbefalingar. Etter innføringa av radio- og teleterminaldirektivet i 1999 (R&TTE, 99/5/EC) blir det kravd testing av terminalutstyr (deriblant mobiltelefonar) i tråd med internasjonale grenseverdiar (SAR-testing). Brukarane blir dermed sikra at eksponeringa dei utsetjast for ved bruk av mobiltelefon ikkje overskrid anbefalte normer.

PT registrerer at enkelte land synast å ha etablerte nasjonale retningsliner som er strengare enn dei internasjonale normene. PT meiner det er viktig å ikkje undergrave det vitskapelege arbeidet som ligg til grunn for den internasjonale normsettinga, gjennom å inkludere meir eller mindre tilfeldige tryggingsmarginar i dei nasjonale retningslinene. Nasjonale retningsliner bør gjenspegle internasjonalt godtekne grenseverdiar, basert på vitskapeleg dokumenterte effektar. Det utelukkar likevel ikkje at styresmaktene kan oppfordre operatørar og utstyrsprodusentar til å sørgje for så låg utstråling som mogleg innanfor grenseverdiane, eller at styresmaktene gir råd og informasjon til befolkninga om korleis den sjølv kan vere med på å redusere eksponeringa ved bruk av mobiltelefon.

Tiltak for å avgrense eksponering ved bruk av mobiltelefon

Det beste rådet PT kan gi for å avgrense eksponering ved bruk av mobiltelefon er å redusere samtaletida. Om framtidig forsking skulle vise at mobiltelefonbruk kan vere forbunde med skadelege helseeffektar, vil redusert samtaletid vere med på å avgrense eksponeringa.

Barn og unge har frå ulikt hald blitt anbefalt å bruke SMS-meldingar i større grad. Telefonen blir då halde lenger unna kroppen og eksponeringa reduserast. SMS, i staden for samtale, vil derfor vere eit godt tiltak for den som vil vere føre-var.

Ved bruk av "handsfree" blir telefonen halde unna hovudregionen, og det er forventa at lokal eksponering av hovudet blir redusert.

Informasjonen i dette skrivet er i hovudsak basert på opplysingar og presseuttalingar frå Verdas helseorganisasjon (WHO). WHO har utarbeidd ei rekkje faktaark om elektromagnetiske felt og helse.

Statens strålevern i Noreg har også publisert aktuell informasjon og rapportar om stråling og elektromagnetiske felt på sine heimesider; http://www.nrpa.no/ (sjå mappe for publikasjonar).

Også den svenske instansen for strålevern; Statens strålskyddsinstitut, har tilgjengeleg informasjon om mobiltelefoni på sine heimesider; http://www.ssi.se/.


Oppdatert: 23.06.2006
Besøksadresse: Nygård 1, Lillesand • Postadresse: Postboks 93, 4791 Lillesand • Tlf.: 22 82 46 00 • Faks.: 22 82 46 40
Ansvarlig redaktør: • Teknisk ansvarlig: • Organisasjonsnummer: 974 446 871
PT er miljøsertifisert og har mottatt utmerkelsen ”Miljøfyrtårn”.